Om konferansen

"Ekte begeistring må komma innanteifrå, den kan ikkje vedtakast", seier Linda Eide. Ho kjem til Vestlandsk Vidsyn 2014.

Vestlandsk Vidsyn er møtestaden for vidsynte og kreative vestlendingar som er oppteken av lokal samfunnsutvikling og levande lokalsamfunn. Den store draumen er det gode liv og levande lokalsamfunn på heile Vestlandet – langs kysten, langs fjordane, på øyane, i byane og på bygdene. Viktige ingrediensar i denne draumen er kompetanse, inspirasjon, humor og kreativitet.

Velkomne til Vestlandsk Vidsyn 2014 med hovudtema samfunnsutvikling og verdiskaping, 17. og 18. september på Sola Strand Hotel, i nærleiken av havet og sanddynene på Nord-Jæren.

Målgrupper
Politikarar på kommune- og fylkesnivå, frivillige i bygde- og grendelag, lag og organisasjonar, samfunnsplanleggjarar, næringsutviklarar, prosjektleiarar, bedriftsleiarar og forskarar.

Det kan kome endringar i programmet.

 


Pakkepriser

Full konferansepakke

kr 1480

Konferansepakke begge dagar (dagpakkar). Overnatting må bestillast direkte til hotellet. Sjå påmelding for meir informasjon.

Bestill

Dagpakkar inkl. mat

kr 740 pr. dag.

Konferanse og mat

Bestill

Utflukt til Flor og Fjære med middag

kr 1300

Utflukt og middag 17. september.

Bestill

Overnatting

kr 1400

Bestill overnatting direkte til hotellet.

Bestill